Dale Unik AS – gjeld frå 1. oktober 2026
Sals- og leveringsvilkåra er utarbeidde for at du som kunde skal føle deg trygg på å velje Dale Unik som leverandør, og for at vi skal gjere vårt ytterste for å lykkast med dette.
Dette dokumentet skildrar vilkåra som gjeld når du handlar med Dale Unik AS (org.nr. 937 454 163), Anders Hovden-gata 16, 6153 Ørsta, telefon 90 04 19 41, e-post yngve@daleunik.no.
Vilkåra gjeld for kjøkken, trappar, garderobar, bad og laundry-/vaskerom, med eller utan montering.
1. Verkeområde og lovval
Desse vilkåra gjeld saman med den enkelte ordrebekreftinga. Dersom det er motstrid mellom vilkåra og ordrebekreftinga, går ordrebekreftinga føre.
1.1 Forbrukarkjøp
Når kunden er ein privatperson som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd, gjeld forbrukerkjøpslova (lov 21. juni 2002 nr. 34) for varekjøpet, og handverkartenestelova (lov 16. juni 1989 nr. 63) for arbeid/montering Dale Unik utfører i kundens bustad.
Desse lovene kan ikkje fråvikast til ugunst for forbrukaren. Der desse vilkåra går lenger i å avgrense forbrukaren sine rettar enn det lova opnar for, gjeld lova.
1.2 Næringskjøp
Når kunden handlar som ledd i eiga næringsverksemd, gjeld kjøpslova (lov 13. mai 1988 nr. 27), og partane kan avtale vilkår som avvik frå lova sine føresegner.
Elektronisk kommunikasjon (e-post, SMS) vert rekna som likestilt med skriftleg kommunikasjon, føresett at kunden har oppgitt ei gyldig e-postadresse eller telefonnummer.
2. Tilbod og prisar
Tilbod er gyldige i 30 dagar frå tilbodsdato, dersom ikkje anna er oppgitt skriftleg.
Prising tek utgangspunkt i det behovet som er spesifisert, og er basert på beste skjønn ut frå mottatt teikningsgrunnlag og informasjon frå kunden. Dette inneber ikkje ein garanti for at mengdeberekning eller produktval er fullstendig korrekt dersom grunnlaget frå kunden var mangelfullt eller feil.
Sluttsummen i tilbodet er alltid oppgjeve inkludert meirverdiavgift. Kunden bør likevel vere merksam på at enkelte linjeprisar i tilbodet kan vere spesifiserte utan meirverdiavgift.
2.1 Prisbinding
Prisen i eit akseptert tilbod/ei ordrebekrefting er bindande for begge partar og vert ikkje endra av Dale Unik i etterkant, med mindre kunden sjølv ber om endringar i produktval eller spesifikasjonar etter avtaleinngåing.
Slike kundeinitierte endringar skal prisast og stadfestast skriftleg før dei vert sett i verk.
3. Avtaleinngåing og ordrebekrefting
Dale Unik forpliktar seg til å levere dei produkta og tenestene som er skildra i ordrebekreftinga. Avtalar som avvik frå det opphavlege tilbodet er først bindande etter skriftleg stadfesting frå Dale Unik.
3.0 Godkjenning per e-post
Kunden sin godkjenning av eit tilbod per e-post (til dømes ved å svare «ja», «godkjent» eller på annan utvetydig måte på e-post frå Dale Unik) er fullgod stadfesting av avtalen, på lik linje med eigenhendig underskrift.
Kunden er ansvarleg for å kontrollere ordrebekreftinga og må lese henne nøye for å sikre at ho samsvarer med det som er bestilt. Eventuelle innvendingar bør meldast skriftleg snarast og seinast innan 5 virkedagar etter mottak.
Dette er ei ordensfrist for å fange opp misforståingar tidleg – ho avgrensar ikkje kunden sine rettar etter forbrukerkjøpslova eller handverkartenestelova dersom det seinare syner seg at leveransen har ein mangel.
Munnlege avtalar eller opplysningar gjeve i samband med synfaring/rådgjeving er berre bindande for Dale Unik dersom dei er stadfesta skriftleg i tilbod eller ordrebekrefting.
3.1 Mål og synfaring
Dale Unik er berre ansvarleg for mål som Dale Unik sjølv har teke i samband med synfaring/oppmåling. Dale Unik er ikkje ansvarleg for feil eller avvik som skuldast mål eller andre opplysningar kunden sjølv har oppgjeve.
Rommet skal vere ferdigstilt med golv og veggar før Dale Unik tek mål, slik at oppmålinga kan leggjast til grunn for produksjon. Det er ikkje naudsynt at elektrikar- eller røyrleggararbeid er ferdig utført på måltakingstidspunktet.
Endringar i rommet etter måltaking som påverkar mål eller tilpassing, er kunden sitt ansvar, og kan medføre tilleggskostnad og/eller forseinking.
3.2 Klargjering til montering
Elektrisk anlegg og røyrleggararbeid skal derimot vere ferdig utført før montering tek til, slik at Dale Unik sine montørar kan gjennomføre arbeidet som avtalt, jf. punkt 9.
Er ikkje dette på plass til avtalt monteringstidspunkt, kan det medføre forseinking og/eller tilleggskostnad for kunden.
Dale Unik er ikkje ansvarleg for at produktet eller det ferdige arbeidet ikkje kan nyttast til eit føremål kunden føresette, dersom Dale Unik ikkje har motteke klar og tilstrekkeleg skriftleg informasjon om dette særskilte bruksområdet før avtaleinngåing.
4. Angrerett
4.1 Når angreretten gjeld
Dersom avtalen vert inngått i kunden sin heim eller andre stader utanfor Dale Unik sitt faste forretningslokale (til dømes ved heimebesøk/synfaring), har kunden som forbrukar normalt 14 dagars angrerett etter angrerettlova (lov 20. juni 2014 nr. 27).
Angreretten gjeld ikkje når avtalen vert inngått i showroomet på Anders Hovden-gata 16.
4.2 Unntak for spesialtilpassa varer
Kjøkken, trappar, garderobar og andre produkt som vert produserte eller spesialtilpassa etter mål og spesifikasjonar kunden sjølv har gjeve, fell normalt inn under unntaket frå angreretten i angrerettlova § 22 første ledd bokstav e (varer som vert framstilte etter forbrukaren sine spesifikasjonar).
Om ei konkret leveranse er omfatta av unntaket, må vurderast konkret for kvar avtale.
4.3 Informasjonsplikt
Der angreretten gjeld, eller der det er tvil om unntaket kjem til bruk, skal Dale Unik gje kunden dei opplysningane angrerettlova § 8 krev, inkludert angreskjema, før avtalen vert inngått.
Dersom Dale Unik ikkje gjev denne informasjonen, kan angrefristen forlengast med inntil 12 månader, jf. angrerettlova § 21 tredje ledd.
Dale Unik vil difor alltid informere kunden skriftleg – i tilbod eller ordrebekrefting – om angreretten gjeld, og eventuelt kvifor ho ikkje gjer det.
4.4 Oppstart av arbeid før angrefristen er ute
Dersom kunden ønskjer at produksjon eller montering skal starte før ein eventuell angrefrist er ute, må dette avtalast særskilt og uttrykkjeleg med kunden.
Kunden skal då opplysast om at angreretten kan gå tapt når arbeidet er fullført, og at kunden – ved bruk av angreretten før den tid – skal betale for utført arbeid og medgåtte materialar.
5. Endring og kansellering av ordre
Ordre kan endrast eller kanselerast utan kostnad innan 5 virkedagar etter mottatt ordrebekrefting, føresett at produksjon eller materialinnkjøp hos underleverandør ikkje alt er sett i gang.
Endringar eller kansellering etter dette, eller etter at produksjon/bestilling hos underleverandør er starta, kan medføre kostnader for kunden.
Kostnaden skal tilsvare Dale Unik sine faktiske og dokumenterbare meirkostnader og tap (t.d. alt bestilte materialar, medgått arbeid, og eventuelt tapt avanse), og skal opplysast til kunden så snart som mogleg etter at kravet om endring/kansellering er motteke.
For forbrukarkjøp er retten til å kansellere ei spesialtilpassa vare uansett avgrensa av at slike varer normalt ikkje er omfatta av angreretten, jf. punkt 4.
6. Leveringstid
Leveringstid vert oppgjeve i ordrebekreftinga og er rettleiande, då han mellom anna avheng av leveringstider frå Dale Unik sine underleverandørar.
Dale Unik skal halde kunden orientert dersom det oppstår forseinking, og skal opplyse om ny forventa leveringstid så snart Dale Unik vert kjent med forseinkinga.
7. Transport, mottak og lagring
Kunden må sørgje for køyrbar veg for lastebil fram til avtalt leveringsstad. Kunden er ansvarleg for mottak og innbæring av varene til avtalt leveringsstad.
Kunden har ansvar for eventuell mellomlagring av varer etter at levering til avtalt stad er gjennomført.
Ved varemottak pliktar kunden å kontrollere at varene er i tilfredsstillande stand og at leveransen er komplett i tråd med ordrebekreftinga.
Synlege skadar eller avvik skal meldast til Dale Unik ved mottak. Dette avgrensar ikkje kunden sin rett til seinare å reklamere på skjulte manglar, jf. punkt 12.
8. Levering og risikoovergang
Levering vert rekna som utført når varen er levert på avtalt leveringsstad, eller henta/utlevert frå Dale Unik sitt lager. Risikoen for varen går over på kunden når levering er gjennomført i tråd med avtalen.
Ved forbrukarkjøp der Dale Unik står for transporten heilt fram til kunden, går risikoen likevel ikkje over før kunden – eller nokon på kunden sine vegner – har fått varene i fysisk besittelse, jf. forbrukerkjøpslova.
9. Montering og arbeid i heimen
Der Dale Unik utfører montering hos kunden, gjeld handverkartenestelova for dette arbeidet når kunden er forbrukar. Arbeidet skal utførast fagmessig og innan avtalt tid.
9.1 Monteringspris og føresetnader
Monteringsprisen er gjeve under føresetnad om at kjøkkenet (eller tilsvarande produkt) skal plasserast i eit rom tilstøytande der varene vert levert/losses.
Dersom produktet skal berast eller fraktast til eit rom som ikkje er tilstøytande, kan dette medføre tilleggskostnad for kunden.
9.2 Straum og toalett
Kunden skal syte for at Dale Unik sine montørar har tilgang til straum og toalett på monteringsstaden gjennom heile monteringsperioden.
9.3 Ansvar for skade under montering
Dale Unik er ansvarleg for skade på kunden sin eigedom (golv, veggar, eksisterande installasjonar) som oppstår som følgje av aktløyse hos Dale Unik eller Dale Unik sine montørar under montering.
Kunden pliktar å opplyse om skjulte installasjonar (t.d. røyr, kablar i vegg/golv) som er kjende for kunden, og som kan verte påverka av monteringsarbeidet.
Kunden er ansvarleg for å dekkje til golv og andre flater kunden ikkje ønskjer skal verte påverka under monteringsarbeidet.
Dale Unik er ikkje ansvarleg for skade på flater som ikkje er dekte til, med mindre skaden skuldast aktløyse hos Dale Unik eller Dale Unik sine montørar.
Kunden skal syte for at monteringsstaden er tilgjengeleg, ryddig og eigna for arbeidet til avtalt tid. Forseinking eller meirarbeid som følgje av at monteringsstaden ikkje er klargjort, kan medføre tilleggskostnad for kunden.
9.4 Bruk av bilete
Dale Unik kan ta bilete av det ferdige produktet og bruke desse i eiga marknadsføring, til dømes på nettside og i sosiale medium, basert på Dale Unik si legitime interesse i å vise fram eige arbeid, jf. personopplysningslova/GDPR art. 6 nr. 1 bokstav f. Bileta vert ikkje nytta dersom kunden gjev skriftleg beskjed om at dette ikkje er ønskt. Bilete som gjer kunden personleg identifiserbar (t.d. personar, namneskilt eller synleg adresse), vert likevel ikkje publiserte utan særskilt samtykke frå kunden.
10. Betaling og fakturering
Dale Unik sine ordinære betalingsvilkår er betaling ved levering. Varer og produkt vert fakturerte når dei er leverte til avtalt leveringsstad eller til Dale Unik sitt lager.
10.1 Forskotsbetaling
Ved bestilling av kundetilpassa eller spesialbestilte varer skal kunden betale eit forskot på minimum 30 % av kjøpesummen.
Forskotet vert fakturert ved ordrestadfesting, og restbeløpet vert fakturert ved levering, jf. punkt 10. Storleiken på forskotet skal gå fram av ordrebekreftinga for den enkelte avtalen.
Andre betalingsformer (t.d. delbetaling, finansiering) må vere særskilt avtalt på førehand.
11. Eigedomsforbehald (salspant)
Dale Unik har eigedomsrett til dei leverte varene inntil kjøpesummen, inkludert renter og kostnader, er fullt betalt.
Eigedomsforbehaldet er ein del av avtalen mellom partane frå ordrestadfesting, og skal i tillegg framgå uttrykkjeleg av ordrebekreftinga/fakturaen for at det skal kunne gjerast gjeldande overfor kunden ved forbrukarkjøp, jf. panteloven.
12. Reklamasjon og mangel
Alle reklamasjonar skal meldast skriftleg og innehalde ordre- eller fakturanummer, samt ei grunngjeving for reklamasjonen.
12.1 Reklamasjonsfrist – forbrukarkjøp
For forbrukarkjøp gjeld forbrukerkjøpslova § 27: Kunden må reklamere innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga eller burde ha vorte oppdaga, og fristen kan aldri vere kortare enn to månadar frå oppdaginga.
Absolutt reklamasjonsfrist er 2 år etter at kunden overtok varen. Der varen, eller delar av henne, er meint å vare vesentleg lenger enn 2 år – noko som normalt gjeld kjøkkeninnreiing, trappar og fast interiør – er fristen 5 år.
12.2 Retting og omlevering
Dale Unik har som hovudregel rett til å tilby retting eller omlevering av mangelfulle varer/arbeid innan rimeleg tid og utan kostnad for kunden, før kunden kan krevje prisavslag eller heving.
Ved forbrukarkjøp gjeld avgrensingane i forbrukerkjøpslova/handverkartenestelova for kor mange rettingsforsøk Dale Unik kan krevje å få gjennomføre.
12.3 Reklamasjonsfrist – næringskjøp
For næringskjøp gjeld reklamasjonsreglane i kjøpslova, med mindre anna er særskilt avtalt skriftleg.
12.4 Uvesentlege manglar
Mindre manglar som ikkje reduserer produktet sin bruksverdi vesentleg (til dømes manglande eller feil knottar, handtak eller anna mindre tilbehør) gjev kunden rett til retting innan rimeleg tid, men gjev ikkje åleine grunnlag for å halde tilbake betaling, heve kjøpet eller krevje erstatning for indirekte tap.
13. Forseinking frå Dale Unik si side
Ved vesentleg forseinking av levering eller montering har kunden, i den grad det følgjer av forbrukerkjøpslova/handverkartenestelova, rett til å halde tilbake betaling, krevje oppfylling, heve avtalen for den delen av leveransen forseinkinga gjeld, og/eller krevje erstatning for dokumentert tap som følgjer av forseinkinga.
Dale Unik skal varsle kunden utan ugrunna opphald når ei forseinking vert kjent, med opplysning om årsak og ny forventa leveringstid.
Dersom Dale Unik løpande orienterer kunden om forseinkinga og oppdaterer forventa leveringstid undervegs, skal dette vektleggjast i vurderinga av om forseinkinga er å rekne som vesentleg.
Ei forseinking kunden er halden løpande og skriftleg orientert om, vil normalt ikkje åleine gje grunnlag for heving eller erstatning, med mindre den samla forseinkinga likevel er så stor at leveransen ikkje lenger tener sitt føremål for kunden.
14. Ansvarsavgrensing
Dale Unik sitt ansvar for indirekte tap (t.d. driftstap, tapte leigeinntekter, tapt fortjeneste eller følgjeskadar som ikkje er ei direkte og påreknelig følgje av mangelen) er avgrensa til det som følgjer av ufråvikeleg lovgjeving.
Ved forbrukarkjøp gjeld dette punktet berre så langt det ikkje strir mot forbrukerkjøpslova eller handverkartenestelova sine reglar om erstatning.
15. Force majeure
Dale Unik er ikkje ansvarleg for forseinking eller manglande oppfylling som skuldast forhold utanfor Dale Unik si rimelege kontroll, til dømes naturhendingar, brann, krig, offentlege restriksjonar, svikt i straumeller datakommunikasjon, eller vesentleg svikt hos underleverandør som ikkje kunne ha vorte unngått eller overvunne.
Dale Unik skal varsle kunden så snart som mogleg dersom slike forhold oppstår, og partane skal saman vurdere korleis leveransen best kan gjennomførast.
16. Behandling av personopplysningar
Ved registrering av kjøp lagrar Dale Unik nødvendige personopplysningar, som namn, adresse, telefonnummer og e-post, for å kunne gjennomføre og følgje opp handelen.
Behandlingsgrunnlaget er at behandlinga er nødvendig for å oppfylle avtalen med kunden, samt eventuelt rettsleg plikt (t.d. bokføringslova).
Opplysningane vert oppbevarte i inntil 5 år av omsyn til eventuelle framtidige serviceførespurnader eller reklamasjonar, med mindre lengre lagringstid følgjer av bokføringsregelverket.
Opplysningane kan verte delte med samarbeidspartnarar innan distribusjon og underleverandørar, i den grad det er naudsynt for å gjennomføre handelen.
Kunden har rett til innsyn i eigne personopplysningar, samt rett til å be om retting, sletting eller avgrensing av bruken av opplysningane, jf. personopplysningslova og EUs personvernforordning (GDPR).
Kunden kan òg klage til Datatilsynet. For spørsmål om Dale Unik si handsaming av personopplysningar, kan kunden kontakte Dale Unik på kontaktinformasjonen øvst i dette dokumentet.
17. Tvisteløysing og verneting
Partane skal søkje å løyse usemje i minnelegheit.
Forbrukarar kan bringe tvistar inn for Forbrukertilsynet/Forbrukarrådet og, dersom saka høyrer under deira mynde, Forbrukartvistutvalet, jf. forbrukertvistloven.
Søksmål kan elles reisast for Dale Unik sitt vernetingsdomstol etter dei alminnelege reglane i tvistelova.
